Bra romjolsstemning på Gåsbu og flotte resultater i enkeltrenn og i Tour de Hedmarken
Postet av Moelven IL - Langrenn den 29. Des 2022
Det vart godt gamaldags blå-ekstra føre på Gåsburennet 3. joledag.
Heine, Ea, Karoline, Linus, Tinius, Erlend, Erling, Oliver, Eir, Sofie, Marius, Sigurd og Kristian var i aksjon. Flotte løp vart levert og ein må trekkje fram Kristian som vann ei sterk klasse i M19-20, der også Sigurd gjekk bra og nærmer seg stadig.
Elles vart det pallplasser på Heine og Erlend med 3. plasser og Linus kom på 2 plass.
Nokre gjekk sine fyrste skirenn for sesongen og merka nok at det var tøft å kome i gang, men at ei gjennomkøyring kan vere bra.
4. dag jol var det nytt renn og finale i Tour de Hedmarken. Her fekk me mange spanande dueller og fleire pallplasser.
Det må nemnast at Erlend vann G14 samanlagt og vart nr 2 i rennet, medan Linus vart nr 2 både i rennet og samanlagt i G13.
Elles vart det pallen på Heine i G11, Oliver i G15 samt for Inger og Sofie i K17.
i tillegg gjekk Julie i J11, Ea i J13 og Karoline i J14 flotte løp. !
God nyttårshelg og vel møtt til ljosløyperenn og skitrening i veka etter nyttår !
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Moelven IL - Langrenn
![Hei frå Australia](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/835/2024/2/11/img-8439.jpeg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Hei frå Australia
11.02.2024
![Fantastisk helg i Kollen !](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/835/2024/2/4/img-3034.jpeg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Fantastisk helg i Kollen !
04.02.2024
![Landslangsplass til Simen](https://azurecontentcdn.bloc.net/rssphotos/9FDEF83B0A6B2C7586759C215ECDFB97/froala/200000195/835/2023/5/3/1683127694405.jpeg?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Landslangsplass til Simen
03.05.2023
Km terrengløp 1. mai
28.04.2023