Bra romjolsstemning på Gåsbu og flotte resultater i enkeltrenn og i Tour de Hedmarken

Postet av Moelven IL - Langrenn den 29. Des 2022

Det vart godt gamaldags blå-ekstra føre på Gåsburennet 3. joledag.

Heine, Ea, Karoline, Linus, Tinius, Erlend, Erling, Oliver, Eir, Sofie, Marius, Sigurd og Kristian var i aksjon. Flotte løp vart levert og ein må trekkje fram Kristian som vann ei sterk klasse i M19-20, der også Sigurd gjekk bra og nærmer seg stadig.

Elles vart det pallplasser på Heine og Erlend med 3. plasser og  Linus kom på 2 plass.

Nokre gjekk sine  fyrste skirenn for sesongen og merka nok at det var tøft å kome i gang, men at ei gjennomkøyring kan vere bra. 

4. dag jol var det nytt renn og finale i Tour de Hedmarken. Her fekk me mange spanande dueller og fleire pallplasser.

Det må nemnast at Erlend vann G14 samanlagt og vart nr 2 i rennet,  medan Linus vart nr 2 både i rennet og samanlagt i G13.

Elles vart det pallen på Heine i G11, Oliver i G15 samt for Inger og Sofie i K17.

i tillegg gjekk Julie i J11, Ea i J13 og Karoline i J14 flotte løp. !


God nyttårshelg og vel møtt til ljosløyperenn og skitrening i veka etter nyttår !




Helg med mange i klubben i sving

Postet av Moelven IL - Langrenn den 20. Des 2022

Linus på 2. plass på sigersseremonien på Sundag.


Så var det endeleg duka for Tour de Hedmarken att.

Laurdag var det sprint i klassisk stil, Sundag Fellesstart skøyting.

Me stilte med Linus, Karoline, Tinius, Erlend, Oliver, Erling, Eir, Magnus og Roar.

Litt fråfall grunna sjukdom var det, men dei som stilte leverte topp !

Tinius, Linus og Eir vann like godt sine klasser hhv: G14,  G13 og K17 , medan Erlend fekk ein fin 2. plass bak Tinius. 

Sundag vart det fine 2 plasser på fellestart til Erlend og Linus og spaninga i Tour de Hedmark lever vidare.

Så må det nemnast at Kristian og Sigurd prøvde seg blant landets beste juniorar i helga. Båe to er på veg opp og hevder seg bra. Kristian fekk ein flott 12.plass på Sundag.

Me gler oss til fortsettjinga. og ynskjer alle i skigruppa GOD JOL.


NB Det er flotte høve i Amblisberget, med nykøyrde løyper !






Åpningshelg med flott innsats !

Postet av Moelven IL - Langrenn den 11. Des 2022

Laurdag og Sundag fekk mange våre aktive løparar gjort unna sesongpremieren.

Laurdag var det skøyting og Natrudstilrennet. Heine, Linus, Even, Erlend, Tinius, Oliver, Henrik og Magnus stilte til start.

Det var særs tøff konkurranse og opp mot 50 deltakarar i nokre klasser. Me ser at nokre av våre hevder seg heilt i toppen, men viktigast er at me har fin breidde i klubben !

Sundag var det sjusjørennet der me også stilte med mange på dugnad. Takk til alle foreldre som gjorde ein flott innsats.

Her stilte Heine, Linus, Ea, Alma, Ida, Erlend, Tinius, Arnt, Oliver, Kristian, Henrik og Magnus til start.

Det var mange flotte resultater og ikkje minst mykje bra å byggje vidare på. 

No er me igang og gler oss til neste helg med Tour de Hedmarken neste laurdag og sundag.