Hovudlandsrennet Gålå. Medalje vart det gitt !

Postet av Moelven IL - Ski den 3. Mar 2024

For ein innsats av våre løparar !

Tinius, Erlend, Karoline og Alma i 15 årsklassa gjorde sine saker bra i 5 km skøyting og sprint !

Arnt Erling og Oliver det same ! Oliver vart topp ti båe dagar med 8 plass på 7,5 km skøyting og 6 plass i sprinten der han nok hadde kunna kjempe om medalje utan uhellet på oppløpet !

Uansett gjekk våre løparar så bra at Oliver var på laget som tok sylvmedalje på dagens stafett og Karoline var på jentelaget der dei også kjempa om medaljer, men vart nr 4. Alle våre 7 gav alt og er flotte ambassadører for klubb og skisport. Gratulerer til alle !


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.