Innhaldsrik helg som settjer klubben på kartet ! Dei yngste på NRK, 9 stk i Norgescup, Simen nr. 12 i verdscupen !!
Postet av Moelven IL - Ski den 8. Jan 2023
I helga har dei yngste vore i sving på NRK der me kunne sjå Heine, Ea, Linus, Oliver, Eljar, Arnt, Karoline og Erlend i sving i skicrossløypene ! Flott !
Så var det Norgescup på Lillehammer med ein stor tropp på plass !
Sprint på Fredag, skøyting individuell start Laurdag og Fellesstart klassisk Sundag.
Magnus, Henrik, Roar og Sigurd stilte i M19-20. Det var krevjande verhøve og mange utfordringer der bla Henrik aldri rakk starten på sprinten då han sat i bilkø.
Elles leverte nokre av desse karene karrierebeste og skal vere nøgde !
Eir, Sofie, Inger, Helene og Marius stilte i K 17 og M 17. Fine løp her og karrierebeste av fleire her også.
Sofie kom til semifinale, der den som sit og skriv dette ikkje klara å kome tidsnok med skia til start, så der stoppa den reisa... den feilen er me ferdige med !
Så klinka Simen til og kjempa heilt i toppen i verdscupen i Otepaa med ein sterk 12 plass, der han var med og kriga om topp 6 heilt inn !
Utruleg artig at me klara å stille 9 til start i eit norgescuprenn ! og snart er Kristian og Lars friske og raske att og stiller. Me veit jo kva dei kan stelle i stand..
Neste helg er det Moelvenrennet som i år også er KM fellesstart og me arrangerer same helga KM i sprintstafett !
Vel møtt !
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Moelven IL - Ski
Norgescupavslutning for våre juniorer
26.03.2024
![Gratulerer til Simen med NM-bronse !](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/835/2024/3/26/unknown.jpeg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gratulerer til Simen med NM-bronse !
26.03.2024