KM helg med mange medaljer.

Postet av Moelven IL - Ski den 29. Jan 2024

Linus under Sumartrening for skisesongen !

Km med sprint på laurdag og fellesstarter sundag gjekk av stabelen på Vind skistadion på Gjøvik der det var felles km med Oppland.

Det var tøff deltaking og mange på startstreken. Me stilte nokre i skicrossen opp tom 12 år. Desse viste flotte skiferdigheter. I 13 års klassa og oppover rangerast det og delast ut KM medaljer. Me forsynte oss grovt.

Flotte løp av Ella og Oda i j13 år, samt av Alma og Karoline i J15 år. Det same må seiast om Erling, Tinius og Eljar. i hhv 16, 15 og 14 års klassa. Også gode prestasjoner av Eir, Helene og Sofie i K18 år.

Så vart det bronsemedaljer til Erlend i G15 år, Inger i K 18 år og Ea i J14 år

Det vart sylt til Oliver båe dagar i M16 år.

Medan Linus og Kristian vann sine klasser hhv G14 år og M19-20 år Linus vann sogar båe dagar.

Dette betyr at det vart totalt 9 medaljer til klubben ! Det er bra.





Norgescuphelg og Oslo skifestival

Postet av Moelven IL - Ski den 25. Jan 2024

I helga fekk juniorene våre brynt som som landets beste langrennsløparar under Norgescup på Lygna.

Me stilte ein bra gjeng med Lars og Kristian, Inger, Helene, Eir, Sofie og Marius.

På sprinten fredag kom Kristian, Eir, Inger og Sofie vidare etter prolog. Dei kjempa bra i sine heat og Sofie kom til semifinale og endte som nr 16. ny pers i norgescup.

Laurdag var det skøyting 10 og 15 km som stod på programmet og Kristian viser at han er verkeleg attende med eit bra løp og 14 plass, og kort opp til toppen.

Sundag var det klassisk 5 og 10 km og også her viste Kristian at han er i toppen, der han lenge kjempa om pallplass, men fekk det litt tøft på slutten og endte på 14. plass. Men det var særs tett her og kun 10 sek til 6 plass.

I Oslo prøvde Oliver, Erling Linus og Karoline seg mot mange av dei beste i sine 14,15 og 16 årsklasser.

Dette gjekk bra og Oliver gjekk inn til 13 og 10 plass, Erling tar stadige steg og vart no nr 43. 

Linus nr 19 og Karoline nr 26. Dette er flotte prestasjoner som viser at dei trener bra om dagen.

Så ynskjer me Simen lukke til i verdscupen i helga med 3 konkurranser i Schonach !




Flott KM-helg !

Postet av Moelven IL - Ski den 15. Jan 2024

Då har me lagt bak oss ei strålande skihelg der Moelven IL arrangerte Km i distanse og sprintstafett.

Fyrst, tusentakk til alle foreldre og friviljuge som gjorde ein formidabel innsats, godt leia av ein stø og rutinert arrangørkomite ! Det er eit særs viktig arrangement som settjer klubben på kartet og når ein ser kor mange yngre som stiller, viser det seg kor meiningsfylt dette er !

Så til dei aktive. Me fekk mange medaljører i KM !

Kristian Kongssund er attende i bra slag og dette lover bra for vinteren ! Maskinen er på gang Suveren krinsmeister i M19-20 år.

Oliver viser også at det er spanande tider i vente med KM-gull i M16.

Elles flotte prestasjoner av Ea nr 2, 9/10 deler bak gullet i j 14 år og Linus som vart nr 2 i g 14 år. Her gjekk Eljar også eit godt løp.  Celine frå Lismarka som trener med oss viste også storform og vart nr 3 i j 13 år.

Elles bra løp av Heine nr 3 i g 12 år, Aksel nr 2 i g 11 år der også Eugen og Storm gjekk fine løp.

Ingvild hadde bestetid i j 11 år ! Grattis.

Elles hadde me hhv 2 og 3 løparar til start i j 8 og 9 år. det var også 4 gutar 8 år og 3 i gutar 9 år !

Elles flotte løp av Oda, Ella og Astrid i j 13 år. Det same av Birk og Oscar i g 13 år, samt av Alma og Karoline i j 15 år og av Arnt og Erling i g 16 år. 

i Jenter 18 år stilte me 3 til start der inger vart nr 3. fFne løp av Sofie og Helene også.me stilte 33 løparar til start, det er bra ! Me gler oss til neste skirenn !





Skirenn i kulda !

Postet av Moelven IL - Ski den 7. Jan 2024

Så var det duka for sprint i kaldt ver, der Tour de Hedmarken løp nr 2 gjekk av stabelen på Gåsbu.

Heine, Ea, Karoline, Alma og Tinius gjekk fine løp i kulda.

Eindel av våre løparar valgte å stå over og spare seg til distanseløper som skulle gå 7.1, men diverre vart avlyst.

Nokre andre er ute med sjukdom og skader.

Me ser fram til nye renn i noko betre temperatur, når me neste helg byr inn til Moelvenrennet og KM sprintstafett.

Vel møtt også på klubbrenn til Onsdag. Fyrste start 18.30. Klassisk