Flott innsats i skirenna i Romjola

    Postet av Moelven IL - Ski den 31. Des 2023

    Alma på pallen på Gåsbu

    Erlend på delt 4. plass på Lygna

    Erling på 3. plass på Lygna.

    Då har klubben markert seg skikkeleg i både Hedmark og Oppland i romjola.

    På Gåsburennet stilte me ein bra tropp der Alma, Oliver og Ea gjekk strålande løp og vart nr 3 i sterk konkurranse fra både oppland og hedmark. Alma vart sågar utropt som vinner, men det viste seg at det var 3. plass som var rett. i tillegg gjekk Ingvild og Heine sterke løp i 11 og 12 års klassa.

    Erling og Arnt gjekk gode løp i gutar 16 år, medan Linus og Erlend stod opp fra sjukesenga og pinte seg til mål med litt dorske kropper. Tinius er på gang i gutar 15 år der han blir betre for kvar økt. Dette store fotballtalentet har jobba særs godt no i desember og tatt store steg, sjå opp for denne karen på sprint seier eg berre.

    Elles gjekk Inger, Eir og Lars K fine løp i juniorklassene, sjølv om dei nok har meir inne alle 3.


    Så sendte me ein tropp til Lygna der Erling gjekk sitt til no beste skirenn og slo til med 3 plass i skøyting i sterk konkurranse med Opplandløparar. Dette i gutar 16 år.

    Erlend er også på veg opp, og vart nr 4 i gutar 15 år.

    Sofie kjempa seg også fint inn på 10 km skate i juniorklassa og gler seg til sprint snart 

    På Sjusjøen gjekk Oliver eit sterkt løp og vann gutar 15-16 år. Anne Storslett vann også si klasse og viser sterk form fortsatt !






    Sesongstart 9 og 10 desember

    Postet av Moelven IL - Ski den 10. Des 2023

    Då var me endeleg i gang med skikkelege skirenn !

    Laurdag var det Natrudstilrennet som gjekk med stor deltaking, også mange Osloklubber hadde tatt turen for å kome i gang.

    Her gjekk Heine, Birk, Linus, Erlend og Oliver i aldersbestemte klasser. Der Oliver og Linus karra seg på pallen med fine 3. plasser ! Elles vel gjennomførte løp av alle 

    I juniorklassa gjekk Sofie og Eir gode løp medan Magnus byrjar å få sving på formen i seniorklassa.


    Sundag var det duka for Sjusjørennet på Sjusjøen skiarena.

    Her stilte me med ein stor gjeng.

    I yngre klasser gjekk, Johannes, Ingvild, Augen og Axel flott renn i klassisk stil.

    Birk viser at klassiskformen er bra, Linus fighta seg til ein 2 plass i gutar 14 år, det same gjorde Ea i jenter 14  år og Erlend i G 15 år. Oliver vann like godt heile kalaset med eit kjempeløp i gutar 16 år. i denne klassa gjekk også Arnt eit godt løp. Alma og Karoline gjekk flott løp i jenter 15 år. Inger sesongdebuterte i jenter 18 år og Magnus viser på ny god form i herrer senior. Anne viser også at ho fortsatt er farleg i kvinner senior.

    15 stek til start er bra det !

    Sjåast på trening til veka !




    Sälensamling 22-24 september skapte inspirasjon og samhald

    Postet av Moelven IL - Ski den 25. Sep 2023

    Me koste oss veldig i Sälen. 41 born og ungdom viste ståpåvilje og samhald !

    Me gjennomførte tøffe treningsøkter og nytte livet med bading, bowling og underhaldning. Ikke minst fekk me gjennomført Meistranes Meister der foreldrelaget også imponerte med delt siger med lag Tinius.

    Dette vart eit flott kickoff for hausten og no gler me oss til snø og vinter !





    Årlig møte (Årsmøte)

    Postet av Moelven IL - Ski den 6. Feb 2023

    Innkalling til Årlig møte (Årsmøte) i Moelven IL Ski

     

    Tid: Tirsdag 14. februar 2023 kl. 21.00 – 22.00

    Sted: Klubbhuset i Idrettsparken

     

    Saksliste:

    Sak 1     Godkjenning av innkalling og saksliste.

     

    Sak 2     Valg av møteleder, referent og to til å skrive under årsmøteprotokollen.

     

    Sak 3    Årsberetning

     

    Sak 4    Regnskap

     

    Sak 5    Budsjett

     

    Sak 6    Innkomne saker 

     

    Sak 7     Valg 

     

    Saker som ønskes behandles på Årlig møte må være styret v/ leder i hende innen 07.02.2023.




    Kjøreplan Moelvenrennet

    Postet av Moelven IL - Ski den 14. Jan 2023

    Kjøreplan og annen informasjon finnes i egen meny ovenfor - Moelvenrennet

    Startlister (idrettenonline.no)

    Startliste Moelvenrennet 2023.pdf

    Resultatliste.pdf



    Etteranmelding er mulig på rennkontoret i morgen - velkommen :)




    Innhaldsrik helg som settjer klubben på kartet ! Dei yngste på NRK, 9 stk i Norgescup, Simen nr. 12 i verdscupen !!

    Postet av Moelven IL - Ski den 8. Jan 2023

    I helga har dei yngste vore i sving på NRK der me kunne sjå Heine, Ea, Linus, Oliver, Eljar, Arnt, Karoline og Erlend i sving i skicrossløypene ! Flott !

    Så var det Norgescup på Lillehammer med ein stor tropp på plass !

    Sprint på Fredag, skøyting individuell start Laurdag og Fellesstart klassisk Sundag.

    Magnus, Henrik, Roar og Sigurd stilte i M19-20. Det var krevjande verhøve og mange utfordringer der bla Henrik aldri rakk starten på sprinten då han sat i bilkø.

    Elles leverte nokre av desse karene karrierebeste og skal vere nøgde !

    Eir, Sofie, Inger, Helene og Marius stilte i K 17 og M 17. Fine løp her og karrierebeste av fleire her også.

    Sofie kom til semifinale, der den som sit og skriv dette ikkje klara å kome tidsnok med skia til start, så der stoppa den reisa... den feilen er me ferdige med !

    Så klinka Simen til og kjempa heilt i toppen i verdscupen i Otepaa med ein sterk 12 plass, der han var med og kriga om topp 6 heilt inn !

    Utruleg artig at me klara å stille 9 til start i eit norgescuprenn ! og snart er Kristian og Lars friske og raske att og stiller. Me veit jo kva dei kan stelle i stand..

    Neste helg er det Moelvenrennet som i år også er KM fellesstart og me arrangerer same helga KM i sprintstafett ! 

    Vel møtt !