Jubel blant Moelven sine løparar under Kirkebakken Grand Prix i dag
Postet av Anders Hjelle den 19. Jun 2021
God stemning og flotte løp av desse ungdomane i dag 19.06.
Marius vart nr 6 i finalen i eit særs tøft gute 15-16 års heat.
Sofie, Eir og Inger leverte gode løp det det vart dobbelt til Moelven med Sofie og Inger fyrst i jente 15-16 år. Eir vart nr 11.
Erlend og Tinius klarte å nå finalen i konkurranse med eit år eldre løparar i guter 13-14 år det Tinus knalla til med 2 plass og Erlend med 6 plass.
Det vart ein flott dag der løparane, etter sprinten fekk trene med Taugbøl og Haga.
Me oppmodar så mange som råd til å møte på fyrste fellestrening Tysdag 17 aug då me skal få overrakt årets rekrutteringspris i Hedmark skikrins.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.