Hovedlandsrennet
Postet av Anders Hjelle den 28. Feb 2022
- Klubben sendte 7 løparar til hovedlandsrennet i Kollen.
Dei ytte alt dei hadde og gjorde flotte prestasjoner i strålande sol. Me hadde eige smøreteam med Arne og Geir Andre som sytte for supre ski. Takk for god hjelp. Simen, Marius, Inger, Eir, Sofie, Helene og Solveig fekk gode minner med seg vidare.
Så må ein nemne Inger som vart nr 13 på fredag. Her vart Marius nr 69 som er sterkt i ei særs hard klasse med godt over 200 deltakarar. På sprinten vart Inger nr 9 og Sofie nr 13 i prologen, Sofie vart slått ut i kvarten og Inger kom seg til semifinalen der det vart stopp.
Vonar dette var til stor motivasjon for vidare trening og skigåing !
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.