Strålande innsats i Regionscup Veldre Sag 15/16 år og Jr i helga

Postet av Anders Hjelle den 14. Mar 2021

Då har våre lokale håpefulle gjennomført klassisk sprint Laurdag og distanse skøyting Sundag.

Dette er tevlingar med hard konkurranse fra heile Oppland og Hedmark, i Jr klassa vart også eindel av landets beste representera fra andre krinser, då dei går på NTG Lillehammer og Wang Hamar.

Det må framhevast siger på Sundag til Inger i jenter 15 år 5 km og til Kristian på 10 km i M17.

Elles leverte Eir, Marius, Ola, Simen, Lars, Sigurd, Henrik og Magnus flotte prestasjoner desse dagene. 

Dette lovar godt for framtida og så har me fleire som er ute med diverse skader som no ser at miljøet det er ein del av, verkeleg held høg standard.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.