Norgescuphelg og Oslo skifestival

Postet av Moelven IL - Ski den 25. Jan 2024

I helga fekk juniorene våre brynt som som landets beste langrennsløparar under Norgescup på Lygna.

Me stilte ein bra gjeng med Lars og Kristian, Inger, Helene, Eir, Sofie og Marius.

På sprinten fredag kom Kristian, Eir, Inger og Sofie vidare etter prolog. Dei kjempa bra i sine heat og Sofie kom til semifinale og endte som nr 16. ny pers i norgescup.

Laurdag var det skøyting 10 og 15 km som stod på programmet og Kristian viser at han er verkeleg attende med eit bra løp og 14 plass, og kort opp til toppen.

Sundag var det klassisk 5 og 10 km og også her viste Kristian at han er i toppen, der han lenge kjempa om pallplass, men fekk det litt tøft på slutten og endte på 14. plass. Men det var særs tett her og kun 10 sek til 6 plass.

I Oslo prøvde Oliver, Erling Linus og Karoline seg mot mange av dei beste i sine 14,15 og 16 årsklasser.

Dette gjekk bra og Oliver gjekk inn til 13 og 10 plass, Erling tar stadige steg og vart no nr 43. 

Linus nr 19 og Karoline nr 26. Dette er flotte prestasjoner som viser at dei trener bra om dagen.

Så ynskjer me Simen lukke til i verdscupen i helga med 3 konkurranser i Schonach !


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.