Flott KM-helg !

Postet av Moelven IL - Ski den 15. Jan 2024

Då har me lagt bak oss ei strålande skihelg der Moelven IL arrangerte Km i distanse og sprintstafett.

Fyrst, tusentakk til alle foreldre og friviljuge som gjorde ein formidabel innsats, godt leia av ein stø og rutinert arrangørkomite ! Det er eit særs viktig arrangement som settjer klubben på kartet og når ein ser kor mange yngre som stiller, viser det seg kor meiningsfylt dette er !

Så til dei aktive. Me fekk mange medaljører i KM !

Kristian Kongssund er attende i bra slag og dette lover bra for vinteren ! Maskinen er på gang Suveren krinsmeister i M19-20 år.

Oliver viser også at det er spanande tider i vente med KM-gull i M16.

Elles flotte prestasjoner av Ea nr 2, 9/10 deler bak gullet i j 14 år og Linus som vart nr 2 i g 14 år. Her gjekk Eljar også eit godt løp.  Celine frå Lismarka som trener med oss viste også storform og vart nr 3 i j 13 år.

Elles bra løp av Heine nr 3 i g 12 år, Aksel nr 2 i g 11 år der også Eugen og Storm gjekk fine løp.

Ingvild hadde bestetid i j 11 år ! Grattis.

Elles hadde me hhv 2 og 3 løparar til start i j 8 og 9 år. det var også 4 gutar 8 år og 3 i gutar 9 år !

Elles flotte løp av Oda, Ella og Astrid i j 13 år. Det same av Birk og Oscar i g 13 år, samt av Alma og Karoline i j 15 år og av Arnt og Erling i g 16 år. 

i Jenter 18 år stilte me 3 til start der inger vart nr 3. fFne løp av Sofie og Helene også.me stilte 33 løparar til start, det er bra ! Me gler oss til neste skirenn !



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.