Flott innsats i skirenna i Romjola

Postet av Moelven IL - Ski den 31. Des 2023

Alma på pallen på Gåsbu

Erlend på delt 4. plass på Lygna

Erling på 3. plass på Lygna.

Då har klubben markert seg skikkeleg i både Hedmark og Oppland i romjola.

På Gåsburennet stilte me ein bra tropp der Alma, Oliver og Ea gjekk strålande løp og vart nr 3 i sterk konkurranse fra både oppland og hedmark. Alma vart sågar utropt som vinner, men det viste seg at det var 3. plass som var rett. i tillegg gjekk Ingvild og Heine sterke løp i 11 og 12 års klassa.

Erling og Arnt gjekk gode løp i gutar 16 år, medan Linus og Erlend stod opp fra sjukesenga og pinte seg til mål med litt dorske kropper. Tinius er på gang i gutar 15 år der han blir betre for kvar økt. Dette store fotballtalentet har jobba særs godt no i desember og tatt store steg, sjå opp for denne karen på sprint seier eg berre.

Elles gjekk Inger, Eir og Lars K fine løp i juniorklassene, sjølv om dei nok har meir inne alle 3.


Så sendte me ein tropp til Lygna der Erling gjekk sitt til no beste skirenn og slo til med 3 plass i skøyting i sterk konkurranse med Opplandløparar. Dette i gutar 16 år.

Erlend er også på veg opp, og vart nr 4 i gutar 15 år.

Sofie kjempa seg også fint inn på 10 km skate i juniorklassa og gler seg til sprint snart 

På Sjusjøen gjekk Oliver eit sterkt løp og vann gutar 15-16 år. Anne Storslett vann også si klasse og viser sterk form fortsatt !




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.