1 og 2 renn av Tour de Hedmarken med flotte resultat i klubben !

Postet av Moelven IL - Ski den 22. Des 2019

21 - og 22 des. vart Tour de Hedmarken innleda med klassisk sprint og skøyting distanse.

Me stiller mange frå klubben og no har me også juniorer som markerer seg ! Totalt 20 løparar frå klubben stilte, det er bra !

Julie, Ea, Karoline, Even, Tinius, Erlend, Oliver og Erling viser stor entusiasme og skiferdigheiter av ypperste klasse i 8,10,11 og 12 års klassa.

I jenter 13 gjekk Solveig to solide løp.

Marius viste med bra sprint, men ikkje minst med bra hengeigenskaper på Sundag at han har trent godt i sumar. Elias går teknisk særs godt på ski og skal vere stolt av sitt  løp i helga.

I jenter 14 vart sprinten nerast for klubbmesterskap å reikne med Sofie, Inger og Helene på pallen og Eir på solid 5 plass, der ho attpåtil hadde eit uhell som hindra henne noko. Sundagen gjekk dei på ny gode løp med Sofie til topps denne gongen.

I gutar 16 markerer trekløveret Sigurd Lars og Kristian seg. Kristian kom seg heilt til finalen på sprinten. (5 plass til slutt) medan Sigurd og Lars kom seg til kvartfinale.

Sundagen smelte alle tre til med flotte skøyteløp der Kristian kriga seg inn på pallen, og Sigurd og Lars vart nr 11 og 12 i eit særs sterkt og stort felt. Dette lover bra for vinteren !

I junior M17 gjekk Henrik og Anders gode sprintrenn der Henrik vart nr 2 ! og  Anders nr 11. Det er bra !

på Sundag valde Henrik å stå over og Anders vart nr 10.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.