KM sprint og KM normal på vekslande føre

Postet av Moelven IL - Ski den 27. Jan 2020

Gåsbu vart redninga for sprint KM medan Granli IL arrangera lang-KM på kunstsnøanlegget  ved Kongsvinger.

Klubben var godt representera båe dager og me fekk mange fine resultater. Artig at me no klarar å stille  fra 8 års alder og til junior. Krinsmeistrar fekk me også båe dagar. 

Her ser me Oscar Fevik Dahlen i aksjon på Sundag.



Inspirerande trenerkurs med Marianne Myklebust

Postet av Moelven IL - Ski den 24. Jan 2020

Det vart ein flott kveld med Marianne Myklebust i Næroset i går kveld, flott at så mange møtte opp og lot seg inspirere til å drive skileik/trening med dei yngre



Vitjing av sjølvaste Martin Johnsrud Sundby på trening

Postet av Moelven IL - Ski den 8. Jan 2020

Det vart litt av ei oppleving på trening i går då Martin Johnsrud Sundby dukka opp på trening i dei flotte løypene på Brøttum. Store og små fekk inspirerande vegleiing og ein prat med Martin. Han tok seg god tid og skreiv autografer til tusjene var tomme. Nokre av dei eldste fekk også prøve spurteigenskapene mot verdsmeisteren. Han kom med innspel på tekniske øvingar og fokuserte på å ha det gøy. 

Takk til Team Sjusjøen for invitasjon og arrangement



Blide fjes på Moelvenrennet i dag

Postet av Moelven IL - Ski den 5. Jan 2020

Stor takk til alle løparar men ikkje minst foreldre og besteforeldre som stilte opp med blide fjes på dugnad i dag i samband med det tradisjonsrike Moelvenrennet. Det vart eit flott arrangement trass i utfordrande verhøve med vind og tåke samt snødrev like inntil start. 

Det var gledeleg å sjå så mange frå klubben på startstreken frå dei yngste i knøtterennet til seniorløparar.



Ein uforgløymeleg dag på Hamar på Bysprinten

Postet av Moelven IL - Ski den 4. Jan 2020

God stemning på Hamar !