Trysilcupavslutning, Km-stafett, kombinertrenn med Simen og Torbjørn, samt RM

Postet av Moelven IL - Langrenn den 30. Mar 2023

Då har me gjort unna ei hektisk siste veke av skisesesongen, og den er enno ikkje slutt. 


Me fekk ei flott avslutning i Trysil i helga der våre yngre 13-15 åringer markerte seg.

Linus og Erlend vann samanlagt sine klasser (13-14 år) 

Ea vart nr 2 i j 13 år og  og Oliver nr 3  i g 15 år. 

på KMstafetten stilte me 2 lag der gutelaget 13-16 år vart nr 2 og jentelaget som var ungt, vart nr 4. Grattis.

På Tysdag hadde me ca 35 løparar deltakande i eit uhøgtideleg kombinertrenn i Amblisberget, der me fekk vitjing frå Standbygda, Hernes, Vang, Hamar og Mjøsski. Me fekk storfin vitjing av Torbjørn Løkken og vår eigen Simen. Dette var stas.

Onsdag var det Ringsakermeisteskap på saga, med mange flotte prestasjoner frå dei yngste til Anne som vart RM meister i seniorklassa.

I skrivande stund er Eir, Inger, Marius Lars og Kristian i aksjon i siste norgescuphelga på Tolga og Savalen.


Lukke  til og takk for ein flott sesong !


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.