Åpningshelg med flott innsats !

Postet av Moelven IL - Langrenn den 11. Des 2022

Laurdag og Sundag fekk mange våre aktive løparar gjort unna sesongpremieren.

Laurdag var det skøyting og Natrudstilrennet. Heine, Linus, Even, Erlend, Tinius, Oliver, Henrik og Magnus stilte til start.

Det var særs tøff konkurranse og opp mot 50 deltakarar i nokre klasser. Me ser at nokre av våre hevder seg heilt i toppen, men viktigast er at me har fin breidde i klubben !

Sundag var det sjusjørennet der me også stilte med mange på dugnad. Takk til alle foreldre som gjorde ein flott innsats.

Her stilte Heine, Linus, Ea, Alma, Ida, Erlend, Tinius, Arnt, Oliver, Kristian, Henrik og Magnus til start.

Det var mange flotte resultater og ikkje minst mykje bra å byggje vidare på. 

No er me igang og gler oss til neste helg med Tour de Hedmarken neste laurdag og sundag.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.