Vitjing av sjølvaste Martin Johnsrud Sundby på trening

Postet av Moelven IL - Ski den 8. Jan 2020

Det vart litt av ei oppleving på trening i går då Martin Johnsrud Sundby dukka opp på trening i dei flotte løypene på Brøttum. Store og små fekk inspirerande vegleiing og ein prat med Martin. Han tok seg god tid og skreiv autografer til tusjene var tomme. Nokre av dei eldste fekk også prøve spurteigenskapene mot verdsmeisteren. Han kom med innspel på tekniske øvingar og fokuserte på å ha det gøy. 

Takk til Team Sjusjøen for invitasjon og arrangement


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.