Trysilcupavslutning, Km-stafett, kombinertrenn med Simen og Torbjørn, samt RM

Postet av Moelven IL - Langrenn den 30. Mar 2023

Då har me gjort unna ei hektisk siste veke av skisesesongen, og den er enno ikkje slutt. 


Me fekk ei flott avslutning i Trysil i helga der våre yngre 13-15 åringer markerte seg.

Linus og Erlend vann samanlagt sine klasser (13-14 år) 

Ea vart nr 2 i j 13 år og  og Oliver nr 3  i g 15 år. 

på KMstafetten stilte me 2 lag der gutelaget 13-16 år vart nr 2 og jentelaget som var ungt, vart nr 4. Grattis.

På Tysdag hadde me ca 35 løparar deltakande i eit uhøgtideleg kombinertrenn i Amblisberget, der me fekk vitjing frå Standbygda, Hernes, Vang, Hamar og Mjøsski. Me fekk storfin vitjing av Torbjørn Løkken og vår eigen Simen. Dette var stas.

Onsdag var det Ringsakermeisteskap på saga, med mange flotte prestasjoner frå dei yngste til Anne som vart RM meister i seniorklassa.

I skrivande stund er Eir, Inger, Marius Lars og Kristian i aksjon i siste norgescuphelga på Tolga og Savalen.


Lukke  til og takk for ein flott sesong !



Birken

Postet av Moelven IL - Langrenn den 21. Mar 2023

Grattis til alle birkebeinarar i klubben med vel gjennomført renn.

Marius og Roar gjennomførte flott, sjølve birken på Laurdag. Ungdomen gjekk på Sundag og der var det strålande innsats av samtlige. Oda og Ella som ein ser på biletet var debutanter og gjekk fint til mål !

Elles gjekk, Eljar, Johannes, Linus, Ea, Karoline, Alma, Tinius, Erlend, Oliver, Erling og Arnt bra løp alle saman.



No nærmer toppformen seg

Postet av Moelven IL - Langrenn den 17. Mar 2023

I helga gjekk Trysilcup sprint av stabelen på Gåsbu og heile 5 av våre løparar vann sine klassar.

Inger, Erlend, Heine, Oliver og Linus vann klassisk sprint, medan Ea og Eir fekk hhv fine 2 - og 3. plasser.

Alma, Karoline og Erling fekk også flotte resultater med hhv 4 og 5 plasser.

Så var det duka for Øverbystafetten som er eit høgdepunkt for 8-16 år.

Me stilte 8 lag og var blant klubbene med flest lag. Det skal me vere stolte over !

Så gjekk jaggu gutar 13-16 bort og tok dobbeltsiger ! Makan. Ikkje meir å seie enn at alle 6 gjekk heroiske etapper og gav alt !

Jentene stilte også med  2 lag her og gjekk fine løp med flott innsats. Dei skal også hugse på at dei er unge med bla ein 12 åring på laget og hevda seg rett så bra.

Artig også å sjå flott innsats på laga jenter 8 -10 år, gutar 8 -10 år, gutar 11-12 år og jenter 11-12 år. 




Våre løparar har markert seg over heile landet siste vekene.

Postet av Moelven IL - Langrenn den 10. Mar 2023

Oppsumeringsvis har no våre løparar vore både i Alta på JR-NM og i Meråker på Hovedlandsrenn samt at Simen var i VM- i Planica.

Diverre vart Simen diska etter eit flott hopp der han hadde ei strålande utg.punkt før langrennet, då¨var VM slutt for hans del. Lukke til no i WC i Kollen !

Så var Eir, Inger, Sofie, Marius, Sigurd og Kristian i Alta for å gå Jr NM på ski. Flotte løp der Inger,  Marius og Eir gjekk fine løp, det same gjorde Sofie, Sigurd og Kristian, men dei var nok ikkje heilt nøgde og føler nok at dei har meir inne. Her på Eir trekkjast fram der ho gjekk sine beste løp nokon gong og kapra flotte NC poeng.

På hovedlandsrennet gjekk Arnt, Erling og Oliver flotte løp både i sprinten og på 5 km distanse. Her må me nemne Oliver som gjekk inn til 8 plass i gutar 15 år på klassisk 5 km

Då ser me fram til ei spanande avslutning av sesongen der me skal gå sprint, birken, stafetter, og NC-avslutning mm

Lukke til !