Landslangsplass til Simen

Postet av Moelven IL - Langrenn den 3. Mai 2023

Grattis med landslagsplass Simen !

Du gjer oss stolte som Moelven il medlemmer !



KM TERRENGLØP: Mange medaljer til skiløperene våre

Postet av Moelven IL - Langrenn den 3. Mai 2023

Jaggu gjorde våre skiløparar seg bemerka under KM i terrengløp 1.mai.

Over ser dykk yngste start med halvparten av feltet frå Moelven il.

Flotte løp her av dei unge.

Så var det glimrande løp av Oda og Ella i j 12 år samt av Heine i g 11 år

Vidare sylv til Ea og gull til Linus i hhv J og G 13 år. Eljar leverte også eit godt løp i G 13 år.

Erlend og Ida vann like godt kvar si klasse i G og J 14 år. her med gode løp også av Alma og Karoline.

Oliver vann like godt G 15 år der også Arnt og Erling kjempa om pallplasseringer, og havna like utanfor medaljeplass.

Så var det artig å sjå Magnus ST og Lars K på start med nydelege steg båe to, berre litt meir løpstrening så er dykk livsfarlege !

Me gamle forbigår me i stille.


Nyt våren og gode løpeturer ynskjast !



Km terrengløp 1. mai

Postet av Moelven IL - Langrenn den 28. Apr 2023

Me er med og arrangerer km-terrengløp på golfbanen i Moelv 1. mai kl 14.00. Vedlagt innbyding 

Vel møtt alle skiløparar !




Trysilcupavslutning, Km-stafett, kombinertrenn med Simen og Torbjørn, samt RM

Postet av Moelven IL - Langrenn den 30. Mar 2023

Då har me gjort unna ei hektisk siste veke av skisesesongen, og den er enno ikkje slutt. 


Me fekk ei flott avslutning i Trysil i helga der våre yngre 13-15 åringer markerte seg.

Linus og Erlend vann samanlagt sine klasser (13-14 år) 

Ea vart nr 2 i j 13 år og  og Oliver nr 3  i g 15 år. 

på KMstafetten stilte me 2 lag der gutelaget 13-16 år vart nr 2 og jentelaget som var ungt, vart nr 4. Grattis.

På Tysdag hadde me ca 35 løparar deltakande i eit uhøgtideleg kombinertrenn i Amblisberget, der me fekk vitjing frå Standbygda, Hernes, Vang, Hamar og Mjøsski. Me fekk storfin vitjing av Torbjørn Løkken og vår eigen Simen. Dette var stas.

Onsdag var det Ringsakermeisteskap på saga, med mange flotte prestasjoner frå dei yngste til Anne som vart RM meister i seniorklassa.

I skrivande stund er Eir, Inger, Marius Lars og Kristian i aksjon i siste norgescuphelga på Tolga og Savalen.


Lukke  til og takk for ein flott sesong !



Birken

Postet av Moelven IL - Langrenn den 21. Mar 2023

Grattis til alle birkebeinarar i klubben med vel gjennomført renn.

Marius og Roar gjennomførte flott, sjølve birken på Laurdag. Ungdomen gjekk på Sundag og der var det strålande innsats av samtlige. Oda og Ella som ein ser på biletet var debutanter og gjekk fint til mål !

Elles gjekk, Eljar, Johannes, Linus, Ea, Karoline, Alma, Tinius, Erlend, Oliver, Erling og Arnt bra løp alle saman.