Vindstafetten med mange lag og gode resultater

Postet av Moelven IL - Ski den 14. Feb 2020

Torsdag gjekk Vindstafetten av stabelen med heile 16 lag frå klubben.

Dette vart ein spanande og begivenheitsrik kveld med god innsats.

Fleire pallplasser vart det på dei eldste løparane.

Ola og Solveig vart nr 3 i mix 13-14 år, Inger og Sofie gjekk til topps i jenter 13-14 år der Eir og Helene vart nr 7. Sigurd og Kristian vart nr 2 etter intens spurt om sigeren i gutar 15-16 år.




Åsmarkrenn og Ungdommens Holmenkollrenn med løparar frå klubben godt representert

Postet av Moelven IL - Ski den 3. Feb 2020

6 Ungdommer frå klubben freista løypene i kollen og viste tæl på litt krevjande føre for smørerene, Inger leverte beste resultat då ho kom inn på 36 plass på Sundag. 

Åsmarkrennet viser at me har ein bra gjeng i yngre klasser, noko som lover godt for framtida.



Årsmøte 10.02.2020

Postet av Moelven IL - Ski den 2. Feb 2020

Den 10.02.2020 kl. 20.00 er det årsmøte i skigruppa i klubbhuset i idrettsparken 


Saksliste ligger under:

arsmote-for-2019-sakliste.docx


Mvh

Styret i skigruppa



KM sprint og KM normal på vekslande føre

Postet av Moelven IL - Ski den 27. Jan 2020

Gåsbu vart redninga for sprint KM medan Granli IL arrangera lang-KM på kunstsnøanlegget  ved Kongsvinger.

Klubben var godt representera båe dager og me fekk mange fine resultater. Artig at me no klarar å stille  fra 8 års alder og til junior. Krinsmeistrar fekk me også båe dagar. 

Her ser me Oscar Fevik Dahlen i aksjon på Sundag.



Inspirerande trenerkurs med Marianne Myklebust

Postet av Moelven IL - Ski den 24. Jan 2020

Det vart ein flott kveld med Marianne Myklebust i Næroset i går kveld, flott at så mange møtte opp og lot seg inspirere til å drive skileik/trening med dei yngre



Vitjing av sjølvaste Martin Johnsrud Sundby på trening

Postet av Moelven IL - Ski den 8. Jan 2020

Det vart litt av ei oppleving på trening i går då Martin Johnsrud Sundby dukka opp på trening i dei flotte løypene på Brøttum. Store og små fekk inspirerande vegleiing og ein prat med Martin. Han tok seg god tid og skreiv autografer til tusjene var tomme. Nokre av dei eldste fekk også prøve spurteigenskapene mot verdsmeisteren. Han kom med innspel på tekniske øvingar og fokuserte på å ha det gøy. 

Takk til Team Sjusjøen for invitasjon og arrangement



Blide fjes på Moelvenrennet i dag

Postet av Moelven IL - Ski den 5. Jan 2020

Stor takk til alle løparar men ikkje minst foreldre og besteforeldre som stilte opp med blide fjes på dugnad i dag i samband med det tradisjonsrike Moelvenrennet. Det vart eit flott arrangement trass i utfordrande verhøve med vind og tåke samt snødrev like inntil start. 

Det var gledeleg å sjå så mange frå klubben på startstreken frå dei yngste i knøtterennet til seniorløparar.



Ein uforgløymeleg dag på Hamar på Bysprinten

Postet av Moelven IL - Ski den 4. Jan 2020

God stemning på Hamar !