Me har laga 5 dugnadslag og to av laga byrjar i veke 32/33. Kvar einskild vert kontakta mtp oppmøte og kva arb

Postet av Anders Hjelle den 29. Mai 2020

Amlisberget skianlegg

Nytt skianlegg i Amlisberget er eit samarbeidsprosjekt mellom Næroset IL og skigruppa i Moelven IL. Anlegget skal erstatte hoppbakke i Domstua, ljosløypa i Moelv, og ljosløypa i Næroset. Her skal det bli 3,3 km ljosløype, 3 hoppbakker (8, 20 og 30 m), skicrossanlegg, og ski/akebakke med grillanlegg. Noko for alle, men kanskje fyrst og framst eit familie- og rekrutteringsanlegg.  Eit klubbhus med kafé skal også kome etterkvart. Arbeidet har kome godt i gang, fyrste del av prosjektet har bestått av byggjing av veg, og sprenging/graving for hoppbakkene. Målsettjinga er at det både skal hoppast og gåast på ski i Amlisberget komande vinter. For å klare det, og for å få mest mogleg ut av pengene me har tilgjengeleg, så er me også avhengige av noko dugnadsinnsats. Me sender ut forespurnaden til innbyggjarar i Moelv, som me håper kan bidra med nokre timer. Me treng folk frå juni månad og fram til snøen kjem. Alt er god hjelp om det så er ein kveld, ein treng ikkje inn i noko dugnadsgruppe.

Arbeid som venter er mellom anna:

  • Demontere ljos frå ljosløypa i Næroset, dette skal monterast på nytt i ny ljosløype.

  • Flytte tidtakarbu opp i nytt anlegg, og elles rydde opp i gamal løype.

  • Manuelt grunnarbeid og rydding i nytt anlegg, kanskje spesielt i ljosløype.

  • Diverse bygningsarbeid i nytt anlegg, skur vanter, gjerder mm.

Me ynsker i fyrste omgang å samle inn namn, E-post, telefonnummer til folk me kan kontakte. Håper du melder deg, send ein e-post eller tak kontakt med ein av oss som står oppført under. Sei gjerne litt om ynskja tidspunkt, evt litt om type arbeid, eller andre ting du kan bidrage med.

Peder Bogsti tlf 41318156, peder.bogsti@hotmail.com

Bjørn Robstad tlf 99001656, bjorn.robstad@outlook.com                  

Anders Hjelle  91118251 anders.h@asbjorn-nordsveen.no

NB: Det vert åpen kveld med informasjon og moglegheit for å sjå litt i anlegget tysdag 09.06.20, kl 18.00. grunna Corona-pandemien torer me ikkje å stå for større servering. Vel møtt !


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline