Torsdagskvelden vart det ein interessant klubbkveld, med engasjerte foreldre.

Postet av Moelven IL - Ski den 3. Nov 2017

Torsdag kveld fekk me vitjing av Erling Nordbø, frå Asker skiklubb. Den tidlegare junior og rekruttlandslagstrenaren var med oss på ei rulleskiøkt med fokus på teknikk. Etterpå foreleste han om utfordringer ein møter i organisering av trening, og dvelte kring born og unge si utviklingstrapp.

Kort oppsumert under, med direkte overføringsverdi til Moelven - Næroset:

Med utgangspunkt i Asker Skiklubb orienterte han om dei utfordringer dei møtte for 5-6 år sidan, med tidleg spissing og spesialisering, der det vart eit stort fråfall i 13-15 års alder.

Det vart behov for ei verdivurdering i klubben: Kva vil ein med borne- ungdomsidrott ?

Etterkvart fekk dei kursa foreldre på basistrenerkurs og fekk engasjert så mange foreldre som råd med div praktiske treningsoppgåver eller andre funksjoner i klubben, og klarte å få med fleire og fleire oppover i alder. Lykjelen er: sosialt, inkluderande miljø for dei aktive og ikkje minst for foreldra: (Foreldra skal også føle at det er viktig å kome seg på trening)

Konkret vil dette seie: 

7-10 år: allsidigheit på trening, mykje leik, men leggje inn mykje tekniske utfordringer i treninga som liknar på skiutøvinga.

11-12 år: Motorisk gullalder med fokus på grunnleggjande teknikk, gjerne rulleski i lystbetont leik.  Mykje stafetter. Viktig at alle blir sett på trening

13-14 år: Fortsatt fokus på teknikk, no også mykje hurtigheit på trening, viktig med eit inkluderande treningsmiljø, ikkje måle kvarandre etter resultater. Fortsatt ikkje klassisk vaksen uthaldenheitstrening avdi dette ikkje har større effekt før ein er i pubertet, mykje stafetter som intro til intervalltrening, evt korte runder som ikkje skaper stor "strekk i feltet"

15 -17 år: No kan ein byrje å jobbe meir med uthaldenheitstrening, men hovudvekt skal fortsatt vere teknikk og hurtigheit. 

Intervalltrening kan fortsatt vere som stafetter, og korte runder, passe på at alle blir sett på trening.

Viktig å fokusere på mestring og ikkje resultater. Gjeve konkrete målsettjingar som går på td teknikkoppgåver og ikkje resultater. Det er viktig å forstå at det i borne/ungdomsåra er stor skilnad på fysisk utvikling.

Det kom også forslag om at ein kan hende skal take ei frihelg ila vinteren og arrangere turdag med klubben for å fokusere på det sosiale samhaldet.

Andre moment er: fokusere på rett, men ikkje mykje utstyr.

                              delegere små og store oppgåver på så mange foreldre som råd. 

                              applaudere allsidigheit




Mottoet bør vere:

"Så mange som råd, så lengje som råd !"


Til slutt: Det er viktig at me saman skaper eit åpent inkluderande miljø der det skal vere plass for alle. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.