Furutangenrennet vart ei flott oppleving i strålande vinterver

Postet av Anders Hjelle den 3. Jan 2021


Flott oppleving og bra innsats av løparane våre i dag !

Julie, Ea, Tinius, Erlend, Karoline, Erling og Solveig deltok i kohort 1 i dag med strålande innsats og blendande teknikk.

Helene, Marius, Eir, Sofie og Inger leverte bra i 5 km traseen. Det vart til og med dobbeltsiger til jentene i klasse j 15 år og alle fire jentene inne relativt tett. Marius hadde også ein god dag i sporet og vart nr 5.

Sigurd, Lars, Kristian og Anders gjekk også flotte løp i M17 og M18. 

Her må me framheve Kristian sitt kanonløp. Han gjekk inn til siger med 50 sek i eit bra felt, hm trur den børsa må få kvile nokre helger utover vinteren. 

I skrivande stund er det usikre kring når ein kan arrangere neste skirenn, flott og motiverande for små og store å få slik ein vinterdag.





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.