Tour de hedmarken vart avslutta med Gåsburennet og Budorrennet

Postet av Moelven IL - Ski den 29. Des 2018

Då kan Karoline, Ea, Erling, Even og Erlend nyte flott innsats i dei yngste klassene i dei avsluttande renna, Erling kom seg også på pallen etter eit bra løp på Budor.

I Gutar 13 år gav Marius og Elias alt og viser at det bur mykje skiløpar i desse karene !

Jenter 13 år fortsetter der dei har vore før og dominerer klassa, der Sofie, Inger og Helene alle er oppe i toppen. Det vart til slutt 1, 3 og 4 plass samanlagt i Touren. Grattis !

Gutar 15 imponerte der Kristian gjekk bort og vann Gåsburennet. Dette er ein tøff klasse og han leverte verkeleg eit bra løp. Lars og Sigurd heng også bra med og viste med flott skøyting på Budor at Kristian ikkje skal dere for trygg på å halde desse karene bak seg gjennom vinteren. Kristian vart nr 4 samanlagt i Touren.

Gutar 16 viser også flott innsats Henrik vart nr 8 på Gåsbu og valgte å spare seg siste dagen. Anders gjekk to gode renn og endte opp som nr 10 totalt i touren.


Gratulerer til alle og så sjåast me rett over nyttår !




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.