Lysløyperenn på Sjusjøen

Postet av Moelven IL - Ski den 27. Nov 2017

Da er skisesongen i gang og med det også lysløyperennene. Foreløpig holdes det renn på Sjusjøen Langrennsarena, på onsdager, se invitasjon og informasjon her

Påmelding via EQ-timing, skriv "sjusjøen" i søkefeltet og let opp riktig renn/dato, heter "Lysløyperenn nr. X, 2017, Sjusjøen"

Lysløyperenn i Næroset (og som danner grunnlag for premiering til våren) starter opp etter nyttår, så fremt værgudene legger til rette for oppkjøring av løyper. 

- tidtakerassistenten - 



Neste Torsdag vert det byttekveld/bruktsal utandørs på Fossen skule samstundes med trening.

Postet av Moelven IL - Ski den 16. Nov 2017

Me prøver å få til bytekveld i samband med neste Torsdagstrening på Fossen

Tak med alt av interesse (skisko,staver,ski, skiklede som har vorten for lite og sett ein pris på det og namn, så ser me om me får til litt utveksling av brukt utstyr.

Fint om ein stiller opp sakene ved overbygd yttervegg litt før treninga byrjar. Skriv på kva pris ein ynskjer og namn på seljar.

Ingenting er for gamalt ! tak sakene med !



Trening i morgo Torsdag 16.11.17

Postet av Moelven IL - Ski den 15. Nov 2017

For 6 klasse og eldre vert det oppmøte ved Mjøskroa kl 18.00 for så å springe til Domstubakken og køyre motbakketrening med spenst mm. Det blir ei artig økt.

Tak med drikkebelte og staver. og lykt for dei som har.

Me avslutter i Domstua ca kl 19.20.


NB 1-5 klasse møter på Fossen som vanleg.



Kalenderdugnad onsdag 22.11

Postet av Moelven IL - Ski den 13. Nov 2017

Den årlige kalenderdugnaden gjennomføres onsdag 22.11. Oppmøte på Klubbhuset i idrettsparken.

Eksakt tidspunkt vil komme om litt.



Torsdagskvelden vart det ein interessant klubbkveld, med engasjerte foreldre.

Postet av Moelven IL - Ski den 3. Nov 2017

Torsdag kveld fekk me vitjing av Erling Nordbø, frå Asker skiklubb. Den tidlegare junior og rekruttlandslagstrenaren var med oss på ei rulleskiøkt med fokus på teknikk. Etterpå foreleste han om utfordringer ein møter i organisering av trening, og dvelte kring born og unge si utviklingstrapp.

Kort oppsumert under, med direkte overføringsverdi til Moelven - Næroset:

Med utgangspunkt i Asker Skiklubb orienterte han om dei utfordringer dei møtte for 5-6 år sidan, med tidleg spissing og spesialisering, der det vart eit stort fråfall i 13-15 års alder.

Det vart behov for ei verdivurdering i klubben: Kva vil ein med borne- ungdomsidrott ?

Etterkvart fekk dei kursa foreldre på basistrenerkurs og fekk engasjert så mange foreldre som råd med div praktiske treningsoppgåver eller andre funksjoner i klubben, og klarte å få med fleire og fleire oppover i alder. Lykjelen er: sosialt, inkluderande miljø for dei aktive og ikkje minst for foreldra: (Foreldra skal også føle at det er viktig å kome seg på trening)

Konkret vil dette seie: 

7-10 år: allsidigheit på trening, mykje leik, men leggje inn mykje tekniske utfordringer i treninga som liknar på skiutøvinga.

11-12 år: Motorisk gullalder med fokus på grunnleggjande teknikk, gjerne rulleski i lystbetont leik.  Mykje stafetter. Viktig at alle blir sett på trening

13-14 år: Fortsatt fokus på teknikk, no også mykje hurtigheit på trening, viktig med eit inkluderande treningsmiljø, ikkje måle kvarandre etter resultater. Fortsatt ikkje klassisk vaksen uthaldenheitstrening avdi dette ikkje har større effekt før ein er i pubertet, mykje stafetter som intro til intervalltrening, evt korte runder som ikkje skaper stor "strekk i feltet"

15 -17 år: No kan ein byrje å jobbe meir med uthaldenheitstrening, men hovudvekt skal fortsatt vere teknikk og hurtigheit. 

Intervalltrening kan fortsatt vere som stafetter, og korte runder, passe på at alle blir sett på trening.

Viktig å fokusere på mestring og ikkje resultater. Gjeve konkrete målsettjingar som går på td teknikkoppgåver og ikkje resultater. Det er viktig å forstå at det i borne/ungdomsåra er stor skilnad på fysisk utvikling.

Det kom også forslag om at ein kan hende skal take ei frihelg ila vinteren og arrangere turdag med klubben for å fokusere på det sosiale samhaldet.

Andre moment er: fokusere på rett, men ikkje mykje utstyr.

                              delegere små og store oppgåver på så mange foreldre som råd. 

                              applaudere allsidigheit




Mottoet bør vere:

"Så mange som råd, så lengje som råd !"


Til slutt: Det er viktig at me saman skaper eit åpent inkluderande miljø der det skal vere plass for alle. 



Trening i morgo 02.11.17

Postet av Moelven IL - Ski den 1. Nov 2017

I morgo 02.11.17 bed me om at alle frå 6. klasse og eldre møter på Kilde Skole med rulleski kl 18.00. Me har storfin vitjing av Erling Nordbø frå Asker Skiklubb som vil hjelpe oss med tips angåande teknikktrening. Økta vil vare litt lengre enn vanleg og vil innehalde teknikk og hurtigheit. 

For trenarar og foreldre blir det miniseminar i klubbhuset frå kl 20.00 der Erling vil gjeve oss innblikk i korleis treningskvardagen er organisera i Asker skiklubb, og korleis med som trenarar og foreldre best kan tilretteleggje treninga/aktiviteten, slik at så mange som mogleg held på så lengje som mogleg.


Vel møtt !