Hovudlandsrennet Gålå. Medalje vart det gitt !

Postet av Moelven IL - Ski den 3. Mar 2024

For ein innsats av våre løparar !

Tinius, Erlend, Karoline og Alma i 15 årsklassa gjorde sine saker bra i 5 km skøyting og sprint !

Arnt Erling og Oliver det same ! Oliver vart topp ti båe dagar med 8 plass på 7,5 km skøyting og 6 plass i sprinten der han nok hadde kunna kjempe om medalje utan uhellet på oppløpet !

Uansett gjekk våre løparar så bra at Oliver var på laget som tok sylvmedalje på dagens stafett og Karoline var på jentelaget der dei også kjempa om medaljer, men vart nr 4. Alle våre 7 gav alt og er flotte ambassadører for klubb og skisport. Gratulerer til alle !



Skirenn i kulda !

Postet av Moelven IL - Ski den 7. Jan 2024

Så var det duka for sprint i kaldt ver, der Tour de Hedmarken løp nr 2 gjekk av stabelen på Gåsbu.

Heine, Ea, Karoline, Alma og Tinius gjekk fine løp i kulda.

Eindel av våre løparar valgte å stå over og spare seg til distanseløper som skulle gå 7.1, men diverre vart avlyst.

Nokre andre er ute med sjukdom og skader.

Me ser fram til nye renn i noko betre temperatur, når me neste helg byr inn til Moelvenrennet og KM sprintstafett.

Vel møtt også på klubbrenn til Onsdag. Fyrste start 18.30. Klassisk



Innhaldsrik helg som settjer klubben på kartet ! Dei yngste på NRK, 9 stk i Norgescup, Simen nr. 12 i verdscupen !!

Postet av Moelven IL - Ski den 8. Jan 2023

I helga har dei yngste vore i sving på NRK der me kunne sjå Heine, Ea, Linus, Oliver, Eljar, Arnt, Karoline og Erlend i sving i skicrossløypene ! Flott !

Så var det Norgescup på Lillehammer med ein stor tropp på plass !

Sprint på Fredag, skøyting individuell start Laurdag og Fellesstart klassisk Sundag.

Magnus, Henrik, Roar og Sigurd stilte i M19-20. Det var krevjande verhøve og mange utfordringer der bla Henrik aldri rakk starten på sprinten då han sat i bilkø.

Elles leverte nokre av desse karene karrierebeste og skal vere nøgde !

Eir, Sofie, Inger, Helene og Marius stilte i K 17 og M 17. Fine løp her og karrierebeste av fleire her også.

Sofie kom til semifinale, der den som sit og skriv dette ikkje klara å kome tidsnok med skia til start, så der stoppa den reisa... den feilen er me ferdige med !

Så klinka Simen til og kjempa heilt i toppen i verdscupen i Otepaa med ein sterk 12 plass, der han var med og kriga om topp 6 heilt inn !

Utruleg artig at me klara å stille 9 til start i eit norgescuprenn ! og snart er Kristian og Lars friske og raske att og stiller. Me veit jo kva dei kan stelle i stand..

Neste helg er det Moelvenrennet som i år også er KM fellesstart og me arrangerer same helga KM i sprintstafett ! 

Vel møtt !



Så fekk me opplevd Sälen att !

Postet av Moelven IL - Ski den 20. Sep 2022

Sälen baud på vent haustver og me var ein flott gjeng med mykje godt humør som koste oss veldig !

Mykje blide born, ungdom og foreldre. Dette vart ei miljøsamling i ordets rette forstand med mykje gøy.

Me var totalt 30 aktive og ca 25 foreldre som fekk trent litt, men ikkje minst drukket kaffe, ete godt og bowla, ungdomen fekk surfa og borna bada.

Mykje gode forslag frå foreldre mtp miljø og trivsel, samt korleis me kan byggje vidare på eit inkluderande miljø, der me bla kan bli flinke til å byte utstyr mm.

Til neste år vil me gjerne ha med fleire, særleg av dei yngste.


Mvh

Bjørn 




Innhaldsrik helg for våre løparar

Postet av Moelven IL - Ski den 6. Feb 2022

Mange av våre håpefulle var i sving i helga. 13-14 åringene gjekk Ungdommens Holmenkollrenn i Kollen med flotte resultat. 

Ida, Karoline, Alma, Lisa, Tinius, Even, Erlend, Erling og Oliver stod for flotte prestasjoner.


Madshusrenna gjekk også av stabelen m sprint og distanse . Flotte resultat av Eir, Sofie, Inger og Ea. Inger vann sågar båe dager.